Eikemos leseselskap
lør. 28. nov. · 21:00 · Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen, Øvre Ole Bulls Plass 6, Bergen
Eikemos leseselskap #1 Om vennskap Velkommen til Eikemos første Leseselskap, eit nytt fellesskap for litteraturinteresserte med forfattargjester, klassikarsamtalar, musikk og opplesingar og mykje meir. Forfattar Marit Eikemo er vertskap og kurator, den litteraturinteresserte multiintrumentalisten Annlaug Børsheim er husband og psykologiprofessor og forfattar Elisabeth Norman er huspsykolog. Tema for det første leseselskapet er vennskap, og vi gler oss til å snakke med forfattar Hilde Kvalvaag, som er aktuell med den kommande romanen Kvinnersom går, om vennskapets sterke og kompliserte plass i kvinners liv. Det handlar om tre kvinner som går frå sørkysten av England til nordenden av Skottland, med årlege etappar over tjue år. Vi følgjer dei gjennom kriser i kjærleiksrelasjonar, med barna og med kvarandre. Ei har eit barn som blir psykisk sjukt, ei forelskar seg i ein ny mann, ei har ein utru mann.Medan dei går tenker og snakkar dei, og kjem til innsikter som påverkar livet. Har ein det
