Linda Eide er hekta på språk. Det held henne vaken om natta og i gang om dagen. No har ho skrive bok om det. Bli med inn i dei språklege fenomena Eide er aller mest oppteken av, og få forteljinga om kva språket har gjort med henne – på godt og vondt. Saman prøver Eide og Ruth Lillegraven å sjå både nært og stort på det overveldande språkuniverset som dei begge er oppslukte av, og som påverkar oss alle – og det meir enn vi gjerne tenkjer over. Velkommen til ein kveld om det fascinerande, herlege, latterlege og sjukt irriterande fenomenet som omgir oss tjuefire-sju: Språket! Det blir boksal og signering etter arrangementet. 150,–/120,–/60,– Foto: Tore Zakariassen
Sted
Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5, Bergen