Så vandrar vi vidare med vårt historiske vandreteater med nye episodar frå lokalhistoria og næringshistoria på Osterøy. Vi starta opp i i 2021 med KRAFT!, fortsatte i 2023 med SALT og NIKKEL i 2024. Vandreteateret 2026 heiter «SKINN», handlar om den historiske garveriverksmda og utspel seg ved garveria på Valestrand og i Kongshall. Vi byggjer på lokalhistorisk stoff om næringsvegen som frå midten av 1860-talet og vel 100 år framover var dominerande i heile Nordhordland og resten av Vestland. Valestrand og Osterøy var sentrum for denne aktiviteten. Her er det framleis eit autentisk, historisk område der ein kan levandegjere historia. Forteljinga vert også krydra med små lokale historier frå resten av Osterøy, lokale sagn og vandrehistorier, lokal lokking og laling, lokal song og musikk, samt folkemusikk, folkedans og folkekultur.