Tid: 26. august kl 19.00 Stad: Landmark, Bergen kunsthall Inngangsbillett: 100 kroner BLEKK presenterer: ARIANA REINES! I samtale med Anna Kleiva og Eira Søyseth. Ariana Reines, ein av notidas mest tonegjevande poetar, gjer et stopp innom Bergen i august! Dei to siste åra har Ariana Reines gitt ut to nye bøker: Wave of Blood, som i år blir omsett til norsk på HOF av Anna Kleiva, og The Rose. Dei to bøkene er ulike i både form og tematikk, men filtrar seg samtidig inn i kvarandre, og viser spennet i Reines sin forfattarskap. Der Wave of Blood er ei essaystisk-poetisk utforsking av folkemord, skuld, språk og offentlegheit, og korleis alt dette er kopla til kroppen, er The Rose ei diktsamling av meir tradisjonelt format, som attpåtil tek for seg eit av dei største poetiske motiva: kjærleiken og den poetiske symbolikken knytt til kjærleik, med utgangspunkt i roseblomen. Under arrangementet i Bergen vil det bli lese frå og snakka om begge bøkene. Kom gjerne med dine eigne spørsmål knytt til utgivingane, då vi også opnar for spørsmål og ein utvida samtale i andre del. Vi gler oss til å få storstilt besøk! Ariana Reines arbeider med poesi, skodespel, performance og astrologi. Ho er ein tenkande poet som går i dialog med hendingar og retorikk i samtida, så vel som med eldgamle tekster. Anna Kleiva er ein norsk poet og gjendiktar. Ho gav seinast ut diktsamlinga Triks (2025), og har gjendikta fleire av Reines' bøker til norsk. Eira Søyseth er også ein norsk poet og gjendiktar. Ho er redaktør for Blekk, og seinaste bok er Fellesskapsmonsteret (2026). Arrangementet er en del av Bergen Kunsthall sitt liveprogram. ——Tilkomst—— Bergen Kunsthall har tilkomst fra gateplan og har kjønnsnøytrale toalettfasiliteter. For mer informasjon, vennligst besøk https://www.kunsthall.no/no/besok-oss/tilgjengelighet/ Hvis du har spørsmål eller forespørsler, vennligst kontakt bergen@kunsthall.no, vårt personale vil gjøre sitt beste for å hjelpe. Bergen Kunsthall har nulltoleranse mot diskriminering og trakassering på grunnlag av etnisitet, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion, klasse, alder eller funksjonsevne — og ber vårt personale, kunstnere og besøkende om å gjøre det samme.