Det er ikkje til å komme forbi, det ER forskjell på folk. Som når arv og miljø går opp i ei høgare, musikalt eining og skapar fenomenet familien Fosse! Ragnar, Ingeborg og Solveig stiller saman med far Roar og svigerfars draum, Fredrik. Saman representerer dei musikalitet og formidlingsevne i særklasse. Dei framfører songane dei elskar, rett frå hjarta til din solar plexus. For alle som fekk oppleve deira nydelege Barn Session i 2018: Endeleg får vi til ein reprise! For dåke som ikkje har vore med før: Kom.