Moments
UtforskStederFor arrangører

Tidligere arrangement

BrødsmulerHjem/Bergen/We are the Eikemo Brothers
We are the Eikemo Brothers
Kultur

We are the Eikemo Brothers

sep.19
lørdag 19. september 2026kl. 18:00
Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen, Øvre Ole Bulls Plass 6, Bergen
www.visitbergen.com/hva-skjer/vi-er-brodrene-eikemo-p8150113
Bli med i appen

Om arrangementet

Vi er brødrene Eikemo Marit Eikemo sin bestseljar blir teater! Ei vestnorsk historie om familie, arbeid og samhald Det er lys i vindauget i Berjaflotvegen 9 i Odda, huset der dei fem brødrene Eikemo vaks opp. Marit Eikemo kjem heim for å rydde. Huset skal seljast. Men korleis ryddar ein i eit heilt liv? Og kva gjer ein med alle historiene, alle tinga, alle minna? Kven bestemmer kva som er verdt å ta vare på? Energisk familiekrønike Vi er brødrene Eikemo er ei energisk framsyning om fem brør, ein familie, arbeid, oppvekst og eit land i endring. Med dei fem eksentriske brørne som omdreiingspunkt, følgjer vi Odda frå etterkrigstid og industri, via sjølvbyggarånd og oppfinnartrang, til dagens glitrande bygdemytologi - og Lothepus si stavkyrkje. Her finst historier om bilar bygde utan teikningar, eigenkonstruerte båtar på ti tonn, ei improvisert "køyreopplæring" der læraren klatrar opp på biltaket i fart (!) – og bak alt: Skuggen frå faren deira, som døydde brått og etterlét fem barn mellom fire og fjorten år. Her møter du ekte vestlandsgalskap og eit hjarte som bankar for familien, for arbeidet – og for Odda. Tre kvinner Tre kvinnelege skodespelarar speler eit heilt nabolag fullt av karakterar: Brør, koner, ungar, onklar og vennar. Med varme og humor fortel dei historia om dei som bygde landet – og om oss som arva draumane deira. Bak latteren og dei gode forteljingane ligg spørsmålet vi alle kjenner: Kva er verdt å ta vare på – og kva må vi sleppe tak i? Om romanen Marit Eikemo sin roman Vi er brødrene Eikemo kom ut i 2024, og fekk terningkast 6 i VG og vart omtalt som «Ei lita bok, men eit storslått lerret av ei forteljing frå Norges industristadshistorie.» Urpremiere No får romanen nytt liv på scenen – dramatisert for teater av teatersjef Thomas Bye. Ei forteljing om alt det som går tapt – og alt det som held oss saman. Urpremieren finn stad: Torsdag 3. september kl. 19:00 på Det Vestnorske Teateret. Kunstnarleg lag Av Marit Eikemo Dramatisert av Thomas Bye. Med: 3 kvinner – namna kjem seinare! Produksjon: Det Vestnorske Teateret Ei framsyning full av latter, liv og kjensler – sikre deg plass med Scenepass 365.

Funnet av Moments · Visit Bergen

Se originalkildenEr dette ditt arrangement? Få arrangørtilgang →

Sted

Det Vestnorske Teateret, Hovudscenen, Øvre Ole Bulls Plass 6, Bergen

Interaktivt kart lastes når det vises
Åpne i Maps

Bli med i appen

Se hvem som skal, og få anbefalinger som treffer

LAST NED PÅMoments

Lignende aktiviteter

Standup 5071 Loddefjord
Kultur

Standup 5071 Loddefjord

lør. 19. sep · kl. 20:30
5071 Pub'en, Iskanten , Lyderhornsveien 353, Loddefjord
Half House: Full Volume
Kultur

Half House: Full Volume

lør. 19. sep · kl. 21:00
Det Akademiske Kvarteret, Olav Kyrres Gate 49, Bergen
The Secret of the Water Houses
Kultur

The Secret of the Water Houses

søn. 20. sep · kl. 10:00
Norges Fiskerimuseum, Sandviksboder 23, Bergen
Kistekleiva Opp 2026
Kultur

Kistekleiva Opp 2026

søn. 20. sep · kl. 10:00
Lokasjon: Munkebotn/Eidsvåg, Jordalsveien , 5105, EIDSVÅG I ÅSANE Adresse Munkebotn/Eidsvåg Jordalsveien 5105...
Bergen Church Autumn Festival
Kultur

Bergen Church Autumn Festival

søn. 20. sep · kl. 11:00
Sentrumskirkene, Bergen
Workshop: Portraits
Kultur

Workshop: Portraits

søn. 20. sep · kl. 11:00
Kode, Nordahl Bruns gate 9, Bergen
Standup 5071 Loddefjord
19.
SEP
Kultur

Standup 5071 Loddefjord

lør. 19. sep · kl. 20:30

5071 Pub'en, Iskanten , Lyderhornsveien 353, Loddefjord

Half House: Full Volume
19.
SEP
Kultur

Half House: Full Volume

lør. 19. sep · kl. 21:00

Det Akademiske Kvarteret, Olav Kyrres Gate 49, Bergen

The Secret of the Water Houses
20.
SEP
Kultur

The Secret of the Water Houses

søn. 20. sep · kl. 10:00

Norges Fiskerimuseum, Sandviksboder 23, Bergen

Kistekleiva Opp 2026
20.
SEP
Kultur

Kistekleiva Opp 2026

søn. 20. sep · kl. 10:00

Lokasjon: Munkebotn/Eidsvåg, Jordalsveien , 5105, EIDSVÅG I ÅSANE Adresse Munkebotn/Eidsvåg Jordalsveien 5105...

Bergen Church Autumn Festival
20.
SEP
Kultur

Bergen Church Autumn Festival

søn. 20. sep · kl. 11:00

Sentrumskirkene, Bergen

Workshop: Portraits
20.
SEP
Kultur

Workshop: Portraits

søn. 20. sep · kl. 11:00

Kode, Nordahl Bruns gate 9, Bergen

Alle eventer i Bergen →
Moments

Din by. Din smak. Din gjeng.

Utforsk Bergen

  • Ukens guide til Bergen
  • Hva skjer i dag Bergen
  • Helgen i Bergen
  • Gratis aktiviteter Bergen
  • Arrangementskalender Bergen
  • Alle arrangementer Bergen →

Lenker

  • Personvern
  • Kjøpsvilkår
  • Om oss
  • Arrangører
  • For arrangører
  • Arrangementsstatistikk
  • Samarbeid og lokale data

Last ned appen

Skann for å laste ned

LAST NED PÅMoments

© 2026 Moments

PersonvernOm oss