
Amerikabreva
Om arrangementet
Ein koffert. Nokre gamle brev. Ei røyst som byrjar å fortelje.
Av Lene Therese Teigen med Oda Alisøy og Kjetil Alisøy Søvig produsert av Aldeles Alisøy
Amerikabreva startar som eit foredrag om unge kvinner som reiste frå Noreg til Amerika. Når ein Amerikakoffert dukkar opp, vert forteljinga meir personleg: Oda sine eigne slektsminne viklar seg saman med historia om dei mange kvinnene som kryssa havet - og som med mot, lengt og draumar skreiv seg inn i utvandringshistoria. Det viser seg at systrene til Oda og Kjetil si tippoldemor båe utvandra til Chicago, og gjennom kontakt med ein slektning der borte, blir det spontan slektsforskning i framsyninga. Samstundes fortel Oda historia om dei mange jentene som reiste over for å arbeide som hushjelp i dei store byane. Dette er utvandringshistoria utanom prærien, og norske kvinner vi kanskje ikkje visste at sette spor etter seg blir nemnde. Men det var og mange som ikkje utmerka seg, slike som Sara og Margrete, slektningane vi møter i…



