«Ukraina på Litteraturhuset» er ein serie i haustprogrammet som gir eit særskilt innblikk i ukrainsk historie og litteratur samt situasjonen i dagens krigsramma Ukraina. På Litteraturhuset i Bergen i haust har vi laga ein serie om Ukraina. Vi har invitert ukrainske forfattarar, akademikarar med særskilt kompetanse på Ukraina og frivillige organisasjonar som gir humanitær hjelp og jobbar med å støtte Ukraina i kampen mot Russlands invasjon av landet. Øystein Bogen er i haust aktuell med boka Fritt Ukraina. Norske frivilliges kamp for Europas fremtid. Han kjem til Litteraturhuset og vil saman med generalsekretær i Fritt Ukraina Natalia Golis og leiar i Ukrainian Freedom Convoys Ole Kvåle belyse og diskutere dei mange frivillige organisasjonane og menneska som har engasjert seg i kampen for eit fritt og fredeleg Ukraina. Samtalen blir leia av Heine Sandvik Brekke. 150,–/120,–/60,– Foto: Sturlason / Fritt Ukraina / Ole Kvåle Privat
Sted
Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5, Bergen